Sandra

Sandra er lærling i akvakultur hos oss her i Tombregruppa. 18-åringen frå Hardanger stortrives innan havbruk, som er ein bransje som har eit auka behov for lærlingar. Dette er næringa for dei som likar ein spanande og variert kvardag.

Korleis blei du lærling her?
Først gjekk eg eit år på naturbruk etterfulgt av eit år med akvakultur på Fusa VGS. Sidan eg er frå lokalområdet Tombre kjem frå, såg eg på det å jobbe her som ei god moglegheit.


Korleis trivst du som lærling, og kva er det beste med jobben?
Trivselen er veldig god. Ein av dei første tinga eg fekk beskjed om var at ingen spørsmål er for dumme. Det er veldig greit at ein kan spørje om hjelp dersom ein står litt fast. Eg har alltid vore glad i å bruke kroppen, så fysisk arbeid og inkluderinga frå resten må være det beste.


Kva fekk deg til å velje denne retninga?
Akvakultur er den perfekte kombinasjonen mellom å arbeide med dyr, være utendørs, og samtidig få brukt kroppen. Det er ei sikker retning som gjer meg erfaring med mykje forskjellig.

Korleis kan eg verta lærling hos Tombre Gruppa?
For å verta lærling i akvakulturfaget, må du ha gjennomført 2 år på vidaregåande skulen, vg1 Naturbruk og vg2 Akvakultur. Etter at du har gjennomført vg2 Akvakultur kan du søkje læreplass hos Tombre Gruppa. Læretida er 2 år. Etter 2 år som lærling, kan du ta fagbrev i akvakulturfaget og få stilling som fagarbeidar. (Vilbli.no) Frå hausten 2021 kan du velgja mellom to fagbrev, akvakulturfaget og havbruksteknikkfaget. Begge desse lærefaga byggjer på at du har gjennomført vg1 Naturbruk og vg2 Akvakultur, og læretida er den same for begge faga.

TAF-lærling
For å verta TAF-lærling, søkjer du TAF akvakultur når du søkjer deg inn på vidaregåande skule. Dersom du er kvalifisert og vert teke inn som TAF-elev, kombinerer du opplæring på skulen og lærling i bedrift i 4 år. Opplæringa på skule omfatter fag på studiespesialiserande utdanningsprogram. Etter 4 år kan du ta fagbrev i akvakultur og har studiekompetanse.

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen