Tombre Fiskeanlegg AS

Drageid 38, 5640 Eikelandsosen, 

tlf: 5658 5217, 

e-post tombre@tombre.no

«Tombre-gruppen» består av selskapene:

 

Tombre Fiskeanlegg AS

Quatro Laks AS

Fjord Drift AS

Drageid Laks AS

 

Adresse:

Drageid 38

5640 Eikelandsosen

 

Telefon:                 56 58 52 17

Generell e-post:     tombre@tombre.no

Faktura e-post:       faktura@tombre.no

 

Kontaktpersoner:

Dagleg leiar Håkon Tombre                           mob.   414 51 808

Økonomileiar Stig Tveit                                  mob.   932 05 452

Øk. og adm. konsulent Linda Nygård            mob.   993 98 260

HR/Kvalitetsleder Morten Eintveit                  mob.   908 57 444

Produksjonsleder Lars Mundheim                 mob.   481 88 713 

Teknisk ansvarlig Ole Kristian Tombre          mob.   416 39 488

Fiskehelseansvarlig Marielle Kallekleiv         mob.   482 76 977

Tombre ligg ved Skogseidvatnet i Fusa kommune.  Skogseidvatnet er mellom anna kjent som eit av dei beste fiskevatna i landet.

Det var her det heile starta alt i 1971 då Per Tombre starta produksjon av regnbogeaure som attåtnæring til jordbruksdrifta.  På 1980-tallet starta produksjonen av laksesmolt i same vatn, og i 1988 utvida sonen Håkon Tombre med lakseproduksjon i Hardangerfjorden.  Seinare har selskapet ekspandert, og i dag driv me sju matfisk- og to settjefiskkonsesjonar i Tombregruppa.  Bedrifta er såleis mellom pionerane i oppdrettsnæringa, og kan sjå attende på 40 spanande og utviklande år. 

I Tombregruppa ligg Tombre Fiskeanlegg AS, Quatro Laks AS, Fjord Drift AS, og Drageid Laks AS. Våre lokalitetar ligg i Kvam Herad, Fusa, Samnanger, Osterøy og Fedje kommune. Me driv i dag vår verksemd med moderne utstyr som stettar alle krav til godkjenning av anlegg og lokalitetar.

Delar av vårt yngel- og smoltbehov vert produsert ved Sævareid Fiskeanlegg AS som Tombre Fiskeanlegg AS er medeigar i. I tillegg produserer me ein del smolt sjølve. På Drageide vert rogn klekka, og deretter fora fram til smolt ved lokalitetar på Drageide og Tombre. 

Gjennom eigarskap pakkar Tombregruppa heile produksjonen ved Hardanger Fiskeforedling AS i Strandebarm. Bedrifta har ein årleg slaktekapasitet på 15.000 tonn fisk.

Heile produksjonen vår av laks og aure vert i dag seld til vestnorske eksportselskap, der Seaborn AS i Bergen er vår største kunde. 

Tombregruppa produserar og leverer aure og laks av topp kvalitet, basert på røynsle og kompetanse med fisk over førti år i næringa.