Tombre Fiskeanlegg AS

Drageid 38, 5640 Eikelandsosen, 

tlf: 5658 5217, 

e-post tombre@tombre.no

Settjefisk

Setjefiskperioden går føre seg i ferskvatn; fyrst i lukka kar, men seinare i merdar.

Val av kvalitetsrogn frå god stamfisk er svært viktig for heile den vidare produksjonen heilt fram til ferdig mat.  Me kjøper berre rogn av kjende og utvalde selskap som leverer rogn av høg kvalitet.  Drageid laks kjøper rogn som me plasserer i klekkerenner.  Når rogna klekker vert den kalla plommesekkyngel.  Dette fordi han dei fyrste 40 - 50 dagane etter klekking lever på plommesekken sin før han byrjar å ete fôr.  Då fyrst vert han kalla yngel.

Drageid laks kjøper òg noko ferdig yngel for vidare produksjon.  Denne yngelen kjøper me frå utvalde samarbeidspartnarar, m.a. Sævareid Fiskeanlegg A/S. Yngelen vert fora i frå 6 - 12 månader før den vert blank smolt og klar for å flyttast til sjøen.  Smoltifisering er ein prosess der lakseungen går gjennom fysiologiske endringar for å bli klar til å vandra frå elva ut i sjøen (i naturen). Hos oss vert smolten frakta med spesiallaga tankbilar frå vatn til dei ulike sjølokalitetane.

Matfisk

Transport frå setjefiskanlegg til sjø, skjer i brønnbåtar eller tankbilar der miljøet vert overvaka for å få ein mest mogleg skånsam tur og overgang frå ferskvatn til sjø.

Laksen vert flytta fra ferskvatn til sjø når den er frå 6-12 månader gamal, og om lag 100 gram stor. Det er i sjøen mesteparten av veksten skjer, og fisken vert hausta frå ca 4,5 kg og oppover. Det vert satt ut smolt til ulike tider av året slik at me kan ha slakteklar fisk gjennom heile året.  Dette er viktig for å nå flest mogeleg forbrukarar verda over.

Smolten vert sett i merdar i sjøen og går så over i ein postsmoltfase, ung laks og vaksen laks. Matfiskanlegga har enten firkantbur eller plastringar, og ligg på stader med god gjennomstrøyming av rein frisk sjø.

Hausting/Slakting

Når fisken har nådd rett storleik vert den ført levande og skånsamt med brønnbåt til vårt eige slakteri, Hardanger Fiskeforedling (HAFI).  Me nyttar human avliving, og fokuserar gjennom heile slakteprosessen på å oppretthalde kvaliteten og mattryggleiken på produktet. Den ferdig sløyde fisken vert pakka heil og fersk i isoporkassar med is. Deretter går turen vidare med kjølevogner til dei ulike kundane i inn- og utland.

tombre