Havbruk
i generasjonar

Sponsor hjå
nytt OL-håp

Havbruk
i generasjonar

Det har vore litt av ei reise sidan 1971. Frå 500 regnbogeaurar til ein årleg produksjon på omlag 12500 tonn.
Etter 50 år innan havbruk har matfiskproduksjonen vår strekt seg til Hardanger, Bjørnafjorden, Samnanger, Osterøy, Fedje og Sogn.

Sponsoravtale med
lokalt skiskyttartalent

Tombre har vore så heldig at me får være med å bidra på eventyret til Ragnhild Femsteinvik.
Sidan 2017 har me vore ein aktiv sponsor for Ragnhild. Me ynskjer ho alt det beste i jakten på måla sine.

Næringsrik &
berekraftig sjømat

Me er ufatteleg stolte over å kunne sei me produserar topp kvalitets sjømat til fleire av verdens krikar og krokar. Heilt utan GMO, forureinande stoff, og utan bruk av antibiotika. Fisken vår kjem frå dei unike fjordane langs vestlandet i Noreg. Her er det perfekt miljø for den raude fisken, noko som ein ser speglar tilbake på kvaliteten på maten me produserar.

"Målet er å vera
den foretrukne sjømatprodusenten"

Dagleg leiar - Stig Tveit

Lærling hjå
Tombre Gruppa

Dei siste åra har me hatt eit auka fokus på lærlingar. Me ser på dei unge som framtida, og den er viktig å sikre.

Sandra er lærling i Akvakultur hos oss her i Tombre Gruppa.
18-åringen frå Hardanger stortrives innan havbruk, som er ein bransje som har eit auka behov for lærlingar som vil satse på ei spanande og veksande næring.

Utforsk >

Lokalitetane våre

Lokalitetskartet vårt har hatt ei stødig auke sidan 70-talet.

  • Hardangerfjorden
  • Bjørnafjorden
  • Samnanger
  • Osterøy
  • Fedje
  • Sogn

Utforsk >

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen