Historia vår

I 1971 starta pioneren Per Tombre det som har utviklet seg til ei interessant reise innan havbruk. Med 500 regnbogeaurar i Skogseidvatnet, har det heile forma seg til eit stort konsern som no sit med målet å verte den føretrekte leverandøren av matfisk.

Konsernet har sidan 1980-talet vorte leda av sonen til Per, Håkon Tombre. Herifrå har selskapet ekspandert frå Hålandsdalen til å ha aktiv drift i Bjørnafjorden, Hardanger, Samnanger, Osterøy, Fedje og Sogn.

Me er ei familieeigd bedrift med kjære verdiar. Me ønskjer å framstå som ærleg, kvalitetsbevisst og framtidsretta i det me nærmar oss tredje generasjons drift av selskapet.

Tombregruppa består no av selskapa Quatro Laks, Drageid Laks, Tombre Fiskeanlegg, Fjord Drift og Tombre FjordFarm. Me er medeigar i Varde Fiskeoppdrett, Ænes Inkubator, Hardanger Fiskeforedling, Samlaks, Vest Aqua Base, Miljø & Havbruk, Sævereid Fiskeanlegg og Seaborn

Tombre feirar 50 år

Me er veldig stolte over reisa vår. Den bratte stigningskurva selskapet har hatt er mykje å takke dei ivrige ansatte som stiller kvar dag, og utelukkande tenkjer på fisken. Både ute i felten, og i administrasjonen har me opparbeidet oss ein stødig stab.

Fokusområder

Kvalitet

I kjølevatnet av målet vårt kjem fokuset på kvalitet. Ved hjelp av internkontroll, erfaring og skreddarsydde prosedyrar og rutinar sikrar me oss ei god, sikker drift av eit produkt med høg kvalitet.

Berekraft

Den globale utfordringa er ikkje noko å sjå lett på. Me bryr oss om her me bur. Derfor jobbar me kontinuerleg for å sikra ei framtidsretta, og betre drift med fokus på utslepp og god ressursutnytting.

Dyrevelferd

Viktige faktorar er diett, bevegelse, område og vasskvalitet. Me strekk oss difor langt for å sørgje for at fisken trivst i miljøet den lever i. Det er viktig at fisken får det den treng, og litt til.

1971

Per Tombre starta med regnbogeaure. 500 stk blei satt ut i Skogseidvatnet, Hålandsdalen

1981

For fyrste gong blei det satt ut laksesmolt i Skogseidvatnet.

1986

Håkon Tombre tek over reimane og styrer drifta vidare.

1987

Slakteriet Hardanger Fiskeforedling vert etablert.

1988

Oppstart av lakseoppdrett i sjø. Tombre startar lokalitet på Mundheim i Hardangerfjorden

1996

Oppkjøp av Drageid Laks og 50% av Quatro Laks. Tombre får nye lokalitetar

1997

Oppkjøp av Hardanger Fisk av 1961.

1999

Tombre og Lingalaks kjøper opp Hardanger Fisk. Dette vert drifta saman.

2001

Tombre er med å stifte selskapet Seaborn saman med fleire andre. Dette er no den nye måten å nå ut til verdsmarknaden.

2003

Hardanger Fisk vert delt opp og drifta separat mellom Tombre og Lingalaks.

2011

Oppkjøp av Fjord Drift. Det vert i den samanheng etablert lokalitetar på Fedje, og på Osterøy.

2015

Tombre er med å stifte selskapa Vest Aqua Base og Miljø & Havbruk. Desse driv henholdsvis med oppdrett av Rognkjeks, og drift av avlusingsfartøy.

2016

Tombre får løyve til å starte ny lokalitet i Sogn. Lokaliteten Djupeleget vert etablert.

2019

Tombre kjøpe opp NRS-sør saman med Lingalaks og Eidesvik Laks. Varde vert etablert.

2020

Tombre er med på å starte Ænes Inkubator som produserar post-smolt. Dette året startar ein også med økologisk laks på fleire lokalitetar. Samlaks AS vert forma, og skal drifte ny prosessbåt.

2021

Etablering av nytt slakteri i Langevåg.

Samarbeids-partnarar

Miljø & Havbruk

Vest Aqua Base

Kontakt

Tor Arne Helle - Miljø & Samfunnskontakt

Mail: tor.arne@tombre.no
Telefon: +47 903 60 558

Sentralbord

Mail: tombre@tombre.no
Telefon: +47 565 85 217

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen