Fisken vår

I fleire generasjonar har Tombre Gruppa produsert matfisk frå hjartet. Som ein av pionerane innan havbruk har me 50 år med utveksling av kunnskap og evaluering av eigne resultat.

Ein god fisk kjem ikkje av seg sjølv. Det er kombinasjonen mellom kompetanse og tett oppfølgjing som skal til for å fremje dei gode kvalitetane som fører til velsmakande, sunn superiorfisk.

Erfaringane våre er basert på at fisk som har eit godt ytre miljø, riktig diett, og gode forhold for bevegelse har det bra. Derfor jobbar me kontinuerleg mot å sikre desse faktorane innanfor berekraftige rammer. Me ser også på forebygging som den beste innfallsvinkelen. Då kjem den lange erfaringa vår til god nytte, og gjer at me kan ha ei framifrå innstilling til produksjon av fisk med superior kvalitet.

Slaktevolum

Me jobbar stadig mot eit stødigare resultat. Kvart år har sine utfordringar som me håndtere. På grunn av brakkleggings-periodar ser me eit svingande slaktevolum.

Grafen visar slaktevolum 2015-2020

Rein, sunn mat

Fisken sin tilgang på gode råvarer er essensiell for eit godt produkt

Akkurat som oss vert fisken det den et. Så ved å gje fisken mat av høg kvalitet vil me få det same tilbake. Hos oss får fisken pellets beståande av fett, karbohydrat, vitamin, mineral og farge. Ca 40% av innhaldet i maten er marine råvarer, og over 50% er vegetabilske ingrediensar som kjem frå planteriket. Fôret er samansett for å dekka fisken sitt behov for livsviktige næringsstoff. Denne kombinasjonen bidreg til at fisken får skreddarsydd næring i ein konsentrert form. I motsetnad til villfisk som et det den finn i naturen, kan me sortera og rensa råvarene me brukar i fôret til laksen. Følgjene av dette er at ved å ete pellets og ikkje mat frå naturen, får fisken i seg mindre miljøgifter.

Med ei tett oppfølging i den daglege drifta, og eit godt samarbeid med veterinær gjer dette at me med stor stoltheit og tryggheit kan sei at me produserer god, sunn og trygg mat i særklasse.

7 grunnar til
å ete meir laks

  • KILDE TIL VITAMIN D
  • GODT FOR HJERNEN
  • BRA FOR HJARTET
  • KAN MOTVIRKE ASTHMA & ALLERGI
  • HØGT PROTEININNHALD
  • KILDE TIL OMEGA-3
  • BIDREG TIL GOD MENTALHELSE

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen