Målet er å verte den foretrukne matfiskprodusenten

Gjennom målretta fokus på berekraftig produksjon samt effektivitet skal me produsera fisk av høgaste kvalitet under naturlege, lokale og idèelle forhold. Målet er å forsyne verdsmarknaden med norsk kvalitetsfisk gjennom framtidsretta produksjon.

Yngel & post smolt

Medeigarskap i Ænes inkubator vil sikre selskapet tilgang på post-smolt. Dette vil redusera tida fisken er i fjordane slik at me får mindre påverknad på miljøet lokalt og mindre ressursbruk. Samstundes kan Tombre truleg auka matproduksjonen. Ein mindre del av vår økologiske smolt kjem frå smoltanlegga våre ved Drageide og Tombre.

Matfisk

Fisken vår veks i dag opp etter tradisjonelle metodar i merdar i sjø rundt på våre lokalitetar. Gjerne frå 150 gram til matfisk på 5.3 kg. Matfisken til Tombre produserast etter Global G.A.P standarden. I tillegg har ein under produksjon økologisk laks som straks kjem på marknaden. Mykje av fisken blir seld gjennom merkevarer som Seaborn. Me er enormt stolt av å produsere laks i verdsklasse som blir føretrekt av kvalitetsbevisste kundar.

Vest Aqua Base

Ei stor utfordring i kvardagen innan oppdrett er lakselusa. I Tombregruppa har me nulltoleranse for lusa, og me jobbar stadig mot å vere blant Norgestoppen i kampen mot lusa. Me ser på rensefisk som ein av dei beste forebyggingsstrategiane mot lusa, og med det er me ein av partane som var med å danne VAB. Dei supplerar fleire av anlegga våre med Rognkjeks årleg, og er ein sentral del i dei gode lusetala våre.

Miljø & Havbruk

I tilfelle der rensefisk ikkje klarer å holde luseverdiar under våre fastsatte verdiar på 0,1, brukar me termisk avlusing som ein miljøvenleg metode for å få bukt med lakselusa. Avlusingsfartøyet MS Seisund er oppgradert med  ny teknologi og framstår som  et av Norges mest effektive avlusningsfartøy. Båten kan avluse ei heil merd på under ein time, noko som gjev mindre trengning av fisken og mykje betre fiskevelferd.

Samlaks - slaktebåt

Ein ny slaktebåt skal bidra til reduserte utslepp til luft, i tillegg til mindre svinn, bedra fiskevelferd og redusert smitterisiko. Dette blir gjort ved at ein frametter slaktar fisken ved merdkanten og får ein heilt lukka transport til slakteri.

Hardanger fiskeforedling - slakteri

Det er under prosjektering eit nytt slakteri som skal stå ferdig 2022. Det nye slakteriet vert moderne med stor grad av automatiserte prosessar og kan ta i mot fisk direkte frå den nye slaktebåten. Anlegget i Langevåg på Bømlo vert og bygd for å kunna ta i mot fisk frå ventemerd, brønnbåt og bløggebåt.

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen