Dyrevelferd

God dyrevelferd er grunnlaget for god fiskehelse. Er fiskehelsa god, speglar det tilbake til eit godt produkt. Difor er velferd eit av mange fokusområder. Og me strebar stadig mot at fisken skal få det betre i miljøet me kan tilby.

For å oppnå ei god velferd blant fiskane er samspelet mellom erfaring, strategiar og natur viktig. Alle lokalitetar har sine utfordringar, og ein er avhengig av å spele på lag med naturen.

Det overordna målet vårt er at fisken skal ha det godt. Ein fisk som har optimale forhold, vert sterkare, veks fortare og vert til slutt eit betre produkt. Difor strebar me etter at dyra våre skal ha det godt. Drifta vår vert stadig optimalisert ettersom ny forskning kjem fram, og innovasjonen innan havbruk vert betre.

Det er fleire ting som definerar velferdsbehovet til laks. Eit par av dei mest sentrale punkta er:

  • Atferdskontroll
    Moglegheit for å halde balansen og bevege seg fritt
  • Mat & Ernæring
    Tilgang på næringsrik og sunn mat

  • Sosial kontakt
    Samkvem med likesinnede frå same art
  • Respirasjon
    Tilgang på vatn med riktige verdiar (pH, saltinnhald og oksygen)
  • Termisk regulering
    Tilgang til forskjellige temperaturar
  • God vasskvalitet
    Fråvær frå skadelege konsentrasjonar av gassar, toksiner og ulike partiklar
  • Kroppspleie
    Moglegheit for å rense kroppen, klø og fjerne parasittar
  • Kvile
    Moglegheit for å innhente seg etter høg aktivitet, moglegheit for kvile og søvn.
  • Sikkerheit og beskyttelse
    Moglegheita til å unngå farar og fysiske skadar

Tiltaka våre

Me køyrer fleire tiltak i form av forebygging, i miljøet rundt fisken og på fisken sjølv. Me fokuserar på at dei forskjellige tiltaka skal være forsvarlege med tanke på fiskehelse, miljø & resistens.

  • Koparfri produksjon
  • Stingray luselaser
  • Lav tetthet i merdene
  • Luseskjørt
  • Spyling av nøter
  • Kunstig tilførsel av oksygen
  • Reinhald av alt utstyr
  • Termisk avlusing
  • Rensefisk
  • Ingen bruk av antibiotika

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen