Kvardagen vår

Den viktigaste innsatsfaktoren i Tombregruppa er kompetansen til dei ansatte. Denne kompetansen vert nytta i ulike siutuasjonar kvar dag, enten på sjøen, på kontor eller på settefiskanlegga våre.

Sidan menneska er garantisten for velferden til dyra, ser me på eit godt og trygt arbeidsmiljø som svært viktig. Skal ein ha stødige resultat, er ein avhengig av gode folk, med god kompetanse og mentalitet.

Dette er ei næring med eit enormt potensial, og ei veldig spanande framtid. Derfor ser me på det store biletet, og har valt å satse ungt. Dei siste åra har fokuset vårt auka på å ta inn lærlingar.

Med den langsiktige tankegangen ser me på kompetanse for framtida som veldig viktig. Med eit ungt fokus har me opparbeida oss svoltne ansatte med ei positiv innstilling som er verdt å dyrke vidare. Dette meinar me gjev ei berekraftig, sikker og stødig drift.

Me er ufatteleg stolte over gjengen vår, som er klare for framtidas utfordringar.

Lærling hjå
Tombregruppa

Dei siste åra har me hatt eit auka fokus på lærlingar.
Me ser på lærlingar som framtida, og den
er viktig å sikre.

Sandra er lærling i Akvakultur hos oss her i Tombregruppa. 18-åringen frå Hardanger stortrives innan havbruk, som er ein bransje som har eit auka behov for lærlingar som vil satse på ei spanande og veksande næring.

Utforsk >

Copyright © Tombre Fiskeanlegg AS

Design & Utvikling: Sverre Fossåen